(klikk for oversikt aktivitetar)


Brevandring

Jostedalen er ein av dei flottaste og mest brukte plassane i Noreg for brevandring. Det gjeld anten du er ein erfaren brevandrar, ynskjer å vere med på arrangerte turar eller vil lære å ferdast trygt på bre.

Jostedalen er næraste nabo til Jostedalsbreen, ein platåbre som strekkjer seg over heile 470 km2. Frå platået strekkjer det seg tallause brearmar. Dei mest kjende i Jostedalen er Nigardsbreen, Bergsetbreen og Fåbersgstølsbreen.

Du vil finne det du leitar etter i Jostedalen. Nigardsbreen ligg berre ein liten båttur og ca 15 minutt gange frå bilveg. Her vil du finne fantastisk blåis med forskjellig vanskegrad. Her vil du møte mange andre, både turistar, kursfølgje og personar som vandrar på eiga hand

Ynskjer du eit mindre folksamt landskap, er alternativa mange. Fåbergstølsbreen er ein relativt lett framkommeleg bre, medan Bergsetbreen er noko for dei som ynskjer ei stor utfordring.

Oppe på platået er det ypparlege forhold for skiturar. Våren er ei spesielt egna årstid. Skituren "Josten på langs", ein skitur på 3 dagar frå Jostedalen til Fjærland, er kjend som "Vårens vakraste eventyr". På denne turen kan ein også få med seg toppar som Lodalskåpa, Brenibba og Kjenndalskruna. Det kan og gjerast som kortare rundturar.

For dei som ynskjer føring eller vil gå på kurs tilbyr, Jostedalen Breførarlag alt frå enkle breturar til kurs over ei heil veke. Om du ynskjer, kan du òg leige din eigen private førar.

Breheimsenteret i Jostedalen er eit museum og informasjonssenter for Jostedalsbreen og Jostedalsbreen Nasjonalpark. Her finn ein informasjon om det meste som har med breen å gjere.

NB! Legg aldri ut på brevandring på eiga hand utan nødvendige forkunnskap!


Aktuelle linkar:
Jostedalen Breførarlag
Breheimsenteret i Jostedal


 


 

 


.