|
Jakt på Jostedalsrypa
eller hjorten, fisk auren
i idylliske Holmavatnet eller
ta laksen i nedst i Jostedøla;
Det er gode moglegheiter for
jakt og fiske i Jostedalen!
|
 |
Frå
2005 kjem det eit fiskekort
som gjeld det meste av Jostedalen
over den lakseførande
strekninga. Her er det garantert
god plass for heile familien
til fiske i vakker natur! Det
drives aktiv kultivering av
fiskebestandane med både
utsetting av fisk og restaurering
av gyteområde.
|
 |
Jakt
har lange tradisjonar i Jostedalen,
men dei siste åra har
det vore konsentrert om hjortejakt.
Småviltjakt er lett tilgjengeleg
med anleggsveger opp i grensa
mot høgfjellet. I Vanndalen
Sameige sel dei både fiske-
og jaktkort og det har vore
mykje rype i området.
Andre plassar er det ikkje sal
av jaktkort, men det går
ann å avtala med grunneigarane
i området. |
|
|