|
|
|
Bratte
fjellsider og brearmar, fredleg
fiske og fjellvandring. Eit
levande lokalsamfunn gjev ein
positiv atmosfære. Finn
roen i det storslåtte
og ville!
Jostedalen - den fredfulle dalen
i ly av Jostedalsbreen.
|
 |
| Storsamfunnet
har sett verdien av den storslåtte
naturen vår, og i vest
har me Jostedalsbreen Nasjonalpark
og i aust skal me få eit
stort nytt verneområde,
Breheimen Nasjonalpark. Brear,
fjelltoppar, ei brusande elv
og fjellvatn med aure og ry,
den levande bygda med rikeleg
med snø om vinteren.
Jostedalen er den perfekte plassen
for deg som vil finne roen.
Ei hyggjeleg atmosfære
set sitt preg bygda som no vil
ynskje hyttefolket velkommen!
|
 |
Me
ligg og sentralt i forhold
til ulike aktivitetar: Kajakkpadling
både på brevatn
og i fjorden, brevandring,
klatring, turstiar og vinteraktivitetar
med skiløyper, skitrekk,
toppturar og isklatring.
|
|
|
Litt
om Jostedalen
| Jostedalen
strekkjer seg ca 50 km nordover
frå Lustrafjorden ved
Gaupne i Indre Sogn. Jostedal
var eigen kommune fram til 1963
og har sidan vore ein del av
Luster kommune. Bygda har i
dag kring 450 innbyggjarar –
heile kommunen har kring 5000. |
Kva lever folk av i Jostedalen?
Primærnæringane
har vore viktige opp gjennom
tidene. No er talet på
heiltidsbønder sterkt
redusert, og mange av innbyggjarane
har jobben sin utanfor bygda.
Men vi har også ein del
bedrifter i bygda, som Jostedal
Industrier (lagar operasjonsbord
for sjukehus), BioNordic (lagar
pelletsomnar) Jostedal Hotell,
Breheimsenteret, Thor Bakkens
Eftf., Jostedal
Kraftverk og Einar’s Snekkarverkstad.
|
 |
|
Turisme
Turismen har etter kvart vorte
både større og
viktigare for lokalsamfunnet
i Jostedalen.Jostedalen og
Jostedalsbreen er av dei mest
verdsette turistmåla
i landet vårt. Jostedalsbreen
er den største isbreen
på det europeiske fastlandet
med eit flatemål på
ca 470 kvadratkilometer. Den
mest kjende brearmen i Jostedalen
er Nigardsbreen som kvart
år er besøkt
av over 40 000 turistar frå
inn- og utland.
Jostedalen
Breførarlag har eit
allsidig tilbod til dei som
er interesserte i bre- og
fjellvandring.
Jostedalsrypa er velkjend
i Noreg. Segna om den vesle
jenta frå Bjørkehaug
som var einaste overlevande
i Jostedalen etter Svartedauden,
har vore tema for både
bøker og filmar. Båten
som fører turstane
over brevatnet, har fått
namn etter denne segna og
heiter då naturlegvis
Jostedalsrypa.
|
 |
Breheimsenteret
Breheimsenteret har status som
Nasjonalparksenter og inneheld
mellom anna ei utstilling av
svært høg standard
om breen, utviklinga av breen
gjennom ulike tidsaldrar og
kulturhistorie. I tillegg inneheld
senteret både kafe og
kinosal.
|
|
Servicefunksjonar
Det er to campingplassar i
bygda, ein ved Breheimsenteret
og ein på Gjerde. På
Gjerde, bygdesenteret i Jostedalen,
finn ein Jostedal Hotell, daglegvarebutikk, bensinstasjon
og campingplass. I hotellet
ligg ein triveleg kafe som
er fast møteplass for
bygdefolk og turistar året
gjennom. Gjerde ligg ca. 5
km frå Nigardsbreen
og Bergsetbreen.
Barnehage, skule og samfunnshus
Desse tre viktige institusjonane
i Jostedalen ligg ved kvarandre
i Krekane, ca. 5 km sør
for Gjerde. Jostedal skule
har 1. til 7. klasse og ca.
30 born. I Jostedal samfunnshus
er det symjehall og ei rad
aktivitetar året gjennom
som organisert trim, bading,
møte, festar, kulturtilstellingar
og andre arrangement.
|
|
|

. |
|
|
| |