(klikk for oversikt aktivitetar)


Sosiale aktivitetar


Jostedalen er det eit levande bygdesamfunn kor alle må vere med for å skape aktivitetar. Det er lange tradisjonar for organisasjonsliv og tilbodet er ganske mangfaldig. Dalen har tre naturlege møtestadar; Samfunnshuset, Jostedal Hotell og Breheimsenteret.


På samfunnshuset skjer det meste i regi av skulen, men det nyttast òg til meir allmenne aktivitetar. Det er ein liten gymsal som nyttast til blant anna fotball og det skal kome styrkerom/buldrerom nå innan 2007. Samfunnshuset nyttast òg til større arrangement som 17. mai, den store Påskeafta-festen og Marknadshelgi for å nemne noko.
Jostedal Hotell er eit veldig viktig sosialt punkt for bygda. Det har opent nesten heile året (stengt måndag og tysdag om vinteren) og her samlast bygdefolket til både møter, fest, pub-quiz og uorganisert sosialt samvær. Hotellet serverer både middag og kaffi og har full skjenkeløyving. Forutan dei faste tilstellingane i høgtidene, er Hotellet med som arrangør for musikkfestivalen ”Blåe tonar under breen”.

Breheimsenteret har utvikla seg frå å vere eit informasjonssenter til å verte eit fleirbrukshus. Det har framleis ein viktig funksjon som museum og informasjon for besøkande, men det nyttast òg av lokale enten til ettermiddagskaffien og søndagsmiddagen eller sosialt samvær på dei etter kvart kjende ”bre-pubane” eller ”Blåe tonar under breen”.

Dei to butikkane som ligg på Gjerde er òg sosiale knutepunkt. Her har dei i tillegg til matvarer kontroll på det meste og det er berre å spørje….


DU VIL KJENNE DEG VELKOMMEN I JOSTEDALEN!

 


 

 


.