|
Turmogelegheitar
|
I Jostedalen er det turmoglegheiter
for alle!
Nede i dalføret er
det turstiar langs gamlevegen
og det arbeidast med ein natur-
og kultursti frå Gjerde,
via Breheimsenteret og fram
til Nigardsbreen. Stiar som
går inn til brearmane
vert nytta både av brevandrerar
og av dei som ynskjer ein
lett søndagstur.
|
 |
Langs
heile dalen ligg fjellstølane.
Dei er som regel enkle å
finne og grunneigarane som beiteområde
og ein treff både dyr
og menneske på slike turar.
Stølstrimmen som vert
arrangert av Jostedalen Nutleikarlag,
har vorte eit populært
tiltak.
Dersom ein vil lenger, kan ein
velje og vrake i fjelltoppar.
Vangsen (1752 moh.) er den mest
markerte i Jostedalen med utsyn
både til Hurrungane i
Jotunheimen og breplatået,
men både Buskrenosi, Myrhorn,
Dugurskulen og Lioksli for å
nemne nokon, er flotte utsynspunkt.
Jostedalen er og eit egna utgangspunkt
for å nytte DNT sitt rutesystem
og sine hytter inn i Breheimen.
Blant anna frå Jostedalen
og ned Mørkridsdalen
er ein flott og kjend tur. Det
er og satt opp sikrings¬hytter
som har vorte mykje brukt som
turmål; Steinmannen på
kanten av breplatået og
Hytta på Mannen mot Spørteggbreen.
med godt merka stiar. Dei fleste
stølane nyttast av dei
lokale
|
 |
Vinterstid
er og moglegheitene store. Oppkøyrde
skiløyper mot Nigardsbreen
og fram Stordalen vert mykje
nytta. Dersom ein vil opp i
fjellet, nyttar mange Myri som
utgangspunkt. Her vert det brøyta
opp heile vinteren og ein kjem
raskt opp i fjellet.
|
| Jostedalen
eit eldorado for toppturar.
Nemde Vangsen, Buskrenosi og
Lioksli har vorte klassikarar.
Ein treng ikkje leite lenge
for å finne jomfrueleg
snø i Jostedalen! Vil
ein ha enda større utfordringar,
er det fint å ta seg ein
dagstur inn til Turtagrø
og Hurrungane.
|
Aktuelle
linkar:
Jostedalen
Breførarlag
|